Svara kjem gjennom dei årlege driftsgranskingane frå NIBIO som blir presenterte tysdag 8. desember – klokka 12.

 

I år vil framlegginga skje digitalt via Teams Live. Påmelding er unødvendig. Du treng berre klikke deg inn på lenka som vil bli lagt ut på denne sida i god tid før 8. desember.
Deltakarane vil ikkje kunne sjåast eller høyrast, men spørsmål vil bli tatt imot via chat.

 

Kva blir presentert?
Driftsgranskingane viser økonomisk utvikling for gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til gardbrukarfamilien. Både årleg økonomisk resultat og lange utviklingslinjer inngår i materialet som blir lagt fram.

Kven presenterer?
Heidi Knutsen og Eva Øvren frå Kart og statistikkdivisjonen i NIBIO legg fram resultata.

Velkomne til webmøte!

 

Meir om driftsgranskingane
Driftsgranskingane er baserte på rekneskapsresultat for om lag 930 tilfeldig utvalde gardsbruk over heile landet. Undersøkinga viser resultat for jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og totaløkonomi.

Driftsgranskingane er ei av dei største forvaltningsoppgåvene til NIBIO.
Resultata blir brukte av styremaktene og forvaltninga, næringa, politikarar, forskarar, høgskular og universitet, og andre med interesse for norsk landbruk.  

Informasjon

Sted
webinar - lenke kommer her
Tid
Tirsdag 8. desember 2020 kl. 12.00 - 14.00
Påmeldingsfrist
Tirsdag 8. desember 2020 kl. 12.00

For spørsmål, ta kontakt med

Heidi Knutsen, prosjektleiar for driftsgranskingane, (+47) 472 77 017 / heidi.knutsen@nibio.no

eller Eva Øvren, seniorrådgjevar, (+47) 902 89 619 / eva.ovren@nibio.no

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}