Velkommen til seminar!
Informasjon
5. november vert det heildagsseminar på hotell Ullensvang. Tema er sprøytemiddel, helse og miljø. Forskarar frå NIBIO vil fortelja resultat frå fleire prosjekt. I tillegg vert det god tid til spørsmål og diskusjonar om vegen vidare. Det er gratis inngang og enkel lunsj!
Dei siste åra har NIBIO hatt fleire prosjekt som har undersøkt restar av sprøytemiddel i og rundt fruktdyrkingsområda i Hardanger. Det har vore gjort målingar av sprøytemiddelrestar i vatn, jord, luft og insekt. No føreligg det mange resultat, og NIBIO ynskjer å dela kunnskapen med fagpersonar, forvalting, næring og andre interesserte innan landbruk i regionen.
Det kjem stadige innstrammingar på sprøytemiddelbruk, og det er viktig at me i Noreg har eigne målingar for å vurdera påverknad på helse og miljø. I tillegg til å leggja fram resultata, vil NIBIO gjerne ha innspel frå forvalting og næring om kva tankar dei har rundt tilgang og regulering av middel og helse- og miljøsikkerheit. Me vil og gjerne ha innspel på tiltaka som står på etikettane til dei ulike midla, til dømes sikkerheitssona på ti meter frå vatnførande bekkar. Me håpar på ein open og konstruktiv diskusjon der alle kan verta klokare, og der me saman kan få fram viktige innspel for vegen vidare.
Seminaret er fyrst og fremst retta mot rådgjevingstenesta, tilsette i landbruksforvaltinga og fruktnæringa. Påmeldingsfrist 29. oktober kl. 12.
På ettermiddagen vert det eit ope møte der alle interesserte er velkomne. Det er ikkje naudsynt med påmelding for denne delen.
I dei neste fanene finn du påmelding og program.

Foto: Hege Ulfeng
Påmelding
Informasjon
Program for dagen
8.30-9:00: Oppmøte med kaffe
9:00-9.15: Velkommen
9.15-10.15: Faglege innlegg frå prosjekt og funn, Roger Holten med fleire
10.15-10.30: Pause
10.30-11.30: Faglege innlegg fortsett, Roger Holten med fleire
11.30-12.30: Lunsj
12.30-13.15: Diskusjon av funn og tiltak
13.15 - 13.30: Pause
13:30-14:00 Diskusjon og innspel
14:00-15:00: Ope møte for alle interesserte
- presentasjon av hovedresultata, spørsmål og innspel