Sluttseminar DRAINIMP – Dreneringsprosjekt på Vestlandet
Informasjon
Kva betyr drenering for engavling, avrenning, klimagassutslepp og økonomi?
Torsdag 26. april blir det invitert til sluttseminar i prosjektet DRAINIMP - Drenering på Vestlandet.
Drenering og jordfysiske problemstillingar har auka aktualitet i eit stadig våtare og mindre føreseieleg klima. På seminaret blir det presentert resultat frå feltforsøk som har vore i drift i åra 2014-2017. På mineraljord i Askvoll i Sogn og Fjordane har ein undersøkt korleis ulik grøfteavstand, tal slåttar og gjødsling påverkar engavling, jordpakking, avrenning, grunnvasstand og klimagassutslepp. På Fræna i Møre og Romsdal har ein samanlikna omgraven og grøfta myr med omsyn til jordfysiske forhold, engavling og klimagassutslepp. Avlingsresultata frå felta er brukte i økonomiske kalkylar for lønnsemd i grøfting og omgraving. Ein får også presentert ei oversikt over kva tilskotsordningar som gjeld for drenering og hydrotekniske tiltak. Innleiarane er dyktige fagpersonar som har arbeidt innanfor sine fagområde gjennom mange år.
Måling av klimagassutslepp. Foto: Synnøve Rivedal.
Påmeldingsskjema
Deltakaravgift kr. 250,- per pers. for servering
Informasjon
Aktiviteten er slutt og du kan ikke melde deg på.
Program
Askvoll Samfunnshus
Torsdag 26.april kl. 10.00-15.45
-
10.00
Velkomst
Ole Andre Klausen, ordførar Askvoll kommune
-
10.10
Auka trong for drenering, og bruk av omgraving som dreneringsmåte
Samson Øpstad, NIBIO
-
10.45
Verknad av ulik drenering og driftsmåte på avling og plantesetnad
Synnøve Rivedal, NIBIO
-
11.25
Verknad av ulik drenering og driftsmåte på jordfysiske tilhøve
Trond Børresen, NMBU
-
12.00
Lunsj
-
12.50
Verknad av ulik drenering på avrenning og nitrogentap
Johannes Deelstra, NIBIO
-
13.20
Ulike dreneringsmåtar på fastmark og myr
Sverre Heggset, Landbruk Nordvest
-
14.00
Kaffipause
-
14.10
Klimagasstap ved ulik dreneringsgrad og dreneringsmåtar
Sissel Hansen, NORSØK og Peter Dörsch, NMBU
-
14.50
Økonomi ved drenering
Torbjørn Haukås, NIBIO
-
15.15
Tilskotsordningar ved drenering og hydrotekniske tiltak
Liv Synnøve Andersen, Landbrukskontoret i Askvoll og Fjaler
-
15.35
Avsluttande drøfting og oppsummering