Heilt sidan 1949 har prestegarden på Lofthus i Ullensvang vore forskingsstasjon for fruktdyrkinga i Noreg. Stasjonen har vore ein viktig bidragsytar til den enorme utviklinga som har skjedd innan fruktdyrkinga sidan den gong.

Den 3. april feirar me 75-årsjubileum for fruktforskinga i Ullensvang med ein innhaldsrik fagdag på hotell Ullensvang. Her får du høyra om alt frå fruktdyrkingshistorie og sortsutprøving til endringar i kulturlandskapet. Me skal og innom dyrkingsopplegg, plantevernstrategiar, lagringsteknologi, sidersmak og droner, for å nemne noko.

Ikkje minst får du treffa gamle og nye kollegaar frå fruktmiljøet. Me vonar å sjå deg i april!  

Alle er velkomne.   


Foto:Thomas Harris, NIBIO

Ynskjer du overnatting? Sjå eiga fane!

 

 

Informasjon

Tid
Torsdag 3. april 2025 kl. 10:00 - 18:00
Påmeldingsfrist
Torsdag 20. mars 2025 kl. 15:00

Program kjem seinare.

 

Reisemåtar og kontaktinfo

Med tog: Ta tog til Voss stasjon og buss vidare mot Odda. Stoppestad ved Ullensvang hotell

Med fly: Ta fly til Bergen og buss mot Odda, eller tog til Voss og vidare derifrå med buss mot Odda. Stoppestad ved Ullensvang hotell

Med bil frå Austlandet: Køyr europaveg 134 over Haukelifjell til Odda og vidare til Lofthus, eller køyr riksveg 7 over Hardangervidda, til Eidfjord og vidare langs fjorden til Lofthus.

For spørsmål, ta kontakt med: trude.magnussen@nibio.no

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}

Dersom ein ynskjer overnatting frå den 2. til den 3. og/eller 3. til 4. må ein sjølv bestilla rom via lenkjene nedanfor. Ein må bestilla rom seinast 23. mars for å få avtalepris!

 

Hotellet har laga ei booking-lenkje for deltakarane som ynskjer å bu på hotellet:

Norsk: Hotel Ullensvang – Reservasjoner – Tilgjengelige rom

Engelsk: Hotel Ullensvang - Reservations - Room Availability

 

Med denne avtaleprisen kostar standard enkeltrom mot fjell: 1590,- per natt inklusive frokost og mellom anna fri tilgang til Ullensvang Bad.

Ynskjer ein rom med utsikt mot fjorden, er tilsvarande pris kr. 1990,- per natt.

Overnattinga og evt. middag vert betalt individuelt ved avreise.

Fristen for å bestilla overnatting online til avtalepris er 10 dagar før ankomst.