Webinar om revidert kart over dyrkbar jord
- 28 oktober kl. 09.00-10.00
Dyrkbar jord er areal som ikkje er fulldyrka, men som ut i frå agronomisk perspektiv kan dyrkast opp til fulldyrka jord, og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Datasettet er eit automatisk avleia produkt som vert oppdatert årleg.
Dyrkbar jord er eit Geovekst-produkt og er ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK). Dyrkbar jord har også lovmessig vern i Jordlova. Datasettet bør brukast ved arealplanlegging og behandling av konsesjonssaker. I tillegg kan Dyrkbar jord brukast til dømes ved regionale analysar av potensial for nydyrking og arrondering av fulldyrka jord.
Frå september 2025 er datasettet revidert gjennom bruk av fleire datakjelder og nye metodar. Det er også lagt inn eigenskapar i datasettet som gjer det lettare å finne kva areal som er tilgjengeleg for nydyrking.
I webinaret vil du få høyre om korleis dyrkbar jord blei kartlagt og kva kriterie som lå til grunn for registreringane. Vidare vil du få vite kva nye eigenskapar som er lagt inn i datasettet og korleis det blir oppdatert.
Du vil også få vite kvar du kan finne kart over dyrkbar jord både gjennom kartinnsynsløysingar og nedlasting, samt i arealoversiktar.
Opptak av webinaret vil bli lagt ut på NIBIO sine nettsider.
Webinaret er åpent for alle.
Her er lenke til webinaret:
Informasjon
For spørsmål kontakt Kjetil Fadnes kjetil.fadnes@nibio.no